Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

 ADMINISTRATIV ORGANISERING

Administrativ organisering

Bokn kommune er administrativt organisert etter linje og stabsmodellen.

Kommunedirektør:  Kommunedirektør er Ingeborg Skjølingstad

Kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar. Ho har tett samarbeid med folkevalde og med tilsette. Kommunedirektøren har administrativt ansvar for å iverksette dei vedtak som blir fatta av politikarane, utvikle Bokn kommune til ein berekraftig og framtidsretta organisasjon og yte eit godt service- og tenestetilbod til innbyggjerane i kommunen. Bokn kommune er organisert med 3 kommunalsjefar og ein leiar for teknisk drift.

Kommunedirektøren har det øverste ansvaret for kommunalsjef administrasjon, kommunalsjef oppvekst og kultur, kommunalsjef helse og omsorg, leiar for kommunal planlegging,teknisk drift og vedlikehald, budsjettsjef og kommuneoverlegen.

Kommunalsjef oppvekst og kultur er kommunedirektøren sin stedfortredar og har kommunedirektøren si mynde. Kommunalsjef oppvekst og kultur har linjeansvaret for fylgjande einingar: Bokn skule, Bokn barnehage, Kultur og Bibliotek.

Kommunalsjef helse og omsorg har linjeansvar for fylgjande einingar:  Pleie og omsorg, Bu- og aktivitet og Helse- og førebygging.

Kommunalsjef administrasjon har linjeansvaret for: Sentraladministrasjonen som omfattar Servicetorg, Økonomi og IT.

Leiar for kommunal planlegging, teknisk drift og vedlikehald har ansvar for: Kommunal planlegging, vaktmeistertenester, kommunal eigedom, veg, vatn og avlaup og drift- og vedlikehald av av bygningar, eigedommar og vegar.

Budsjettsjef har ansvar for kommunen sitt budsjett og økonomiforvaltning og oppfølging rundt dette.

Kommunalsjefane har sjølvstendig budsjettansvar og personalansvar for si eining.

Plan- og byggesak, kart- og oppmåling, landbruk, skogbruk, vilt og miljøvern er satt ut til Karmøy kommune 01.09.2017. Brannsjef er lokalisert i Haugaland Brann- og redning IKS. 

IKT: Drift- og vedlikehald av kommunen sine elektroniske system, løysingar og utstyr.

Servicetorget: Publikumsmottak, sentralbord, dokumentsenter, politisk sekretariat, fagansvar for Bokn kommune sine arkiv, brukarstøtte til saksbehandlarar i sak/arkivsystem, valavvikling, utleige av kommunale bygg, informasjon/saksbehandling parkeringskort for forflytningshemma, bustøtte og startlån.

Økonomi : Ansvar for kommunens økonomiforvaltning, rekneskapsføring og lønnskjøyring. 

Helse- og omsorg: sjukeheim, eldrebustadar, heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og tryggleiksalarm. 

Helse: Helsetenester, legekontor, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helseteneste, ledsagarbevis, ungdomsbustadar, flytningar og støttekontakt.

Interkommunalt helsesamarbeid er felles legevakt og krisesenter, øyeblikkelig helse/sengeplasser, mm. Jordmortenesta blir utført av Karmøy kommune.

Kultur: Barne- og ungdomsarbeid, idrett, lag og organisasjonar, musealt arbeid, kulturvern, kunstformidling, kino, skjenkeløyve, infoskjerm/internett og IKT- informasjons arbeid.

Oppvekst: Bokn barne- og ungdomsskule, Bokn barnehage, SFO, kulturskule og helsesjukepleiar.

Frå 01.01.16 kjøper Bokn kommune  Barnevernstenester og PPT-tenester frå Karmøy kommune. Kontor, administrasjon og ansvaret for arkiva for desse tenestane ligg til Karmøy. Papirarkiv blir avlevert til Bokn kommune når dei blir avslutta. Frå 01.01.2018 er arkiva fullelektroniske.

NAV sine tenester på Bokn er overført til NAV Bokn og Karmøy frå 14.11.2017.

 

 

Laster...