Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Politisk organisering

Kommunestyret er det øverste folkevalde organet i kommunen. I Bokn er fire politiske parti representerte i kommunestyret, som har 17 medlemmer. Kommunestyret treff vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna følgjer av lov eller delegasjonsvedtak (Kommuneloven § 5-3 og 5-4). Kommunestyret har møte 4-6 gonger i året. 

Formannskapet består av 7 medlemmer frå kommunestyret.  Formannskapet utfører dei oppgåvene som er pålagde ved lov og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt formannskapet fullmakt til å avgjera.

Administrasjonsutvalet er kommunen sitt partssamansatte utval etter Kommunelovens § 5-11. Utvalet består av 7 medlemmer der 5 av medlemmene er frå formannskapet og 2 frå fagorganisasjonane. Utvalet er tillagt ansvar for overordna personal- og organisasjonssaker, og skal behandle fellessaker som gjeld forholdet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.

Forvaltningsstyret (Kommunelovens § 5-1, bokstav d) har 7 medlemmer valde for den kommunale valperioda  av kommunestyret. Utvalet arbeidar med sine respektive arbeidsområde innan den kommunale verksemda, og er mellom anna fast utval for plansaker etter plan- og bygningslova. Saker om dispensasjon frå kommuneplanen er delegert til forvaltningsstyret.

Kvalitets- og kontrollutvalet  (Kommunelovens § 5-1, bokstav d) skal føre det løpande tilsynet med forvaltinga i kommunen på vegne av kommunestyret. Her under å sjå til at kommunen har ei tilfredsstillande revisjonsordning. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at årsrekneskapen vert revidert på ein tilfredsstillande måte, sjå til at kommunen årleg vert gjenstand for forvaltningsrevisjon og sjå til at det vert ført kontroll med kommunen sine eigarinteresser i selskap. 

Eldrerådet/Rådet for personar med funksjonsnedsetjing (Kommunelovens § 5-12) består av 5 medlemmer valde for den kommunale valperioda.  Rådet er et rådgjevande organ for kommunen. I henhold til lova skal rådet ha til behandling alle saker som handler om levevilkår til eldre i kommunen. I tillegg skal rådet behandle årsbudsjett og økonomiplan, kommuneplaner, tiltak og planer i helse- og omsorgssektoren og saker rådet sjølv ønsker å behandle.

Ungdomsrådet  etter Kommunelovens § 5-12 er et rådgjevande organ for kommunen i saker/spørsmål som gjeld ungdom sine levekår. Rådet består 5 medlemmer som er valde for ein 2 års periode og er høyringsinnstans for saker som gjeld ungdom inn mot kommunen sine politiske organer og administrasjon og kan selv ta opp saker som angår barn og unge i kommunen.

Du kan også finne informasjon om politiske møter og saker på vår hjemmeside:

Laster...